Brannherja D/S Stord I - Sagvåg (Jensaneset), oktober 1993

Thanks! Share it with your friends!

You disliked this video. Thanks for the feedback!

Added by
94 Views
6 år etter den forferdelege brannen kjem ein hardt brannherja D/S Stord I til Jensaneset 5. oktober 1993, for starten på restaureringa hos Sagvåg Båtservice.

Stord I vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab (HSD).
Båten gjekk rute i fjordane mellom Bergen og Stavanger, i Hardanger og Sunnhordaland.

I 1949 skifta Stord I frå damp til dieselmotor, og fekk ny skorstein.
10 år seinare, vart båten nytta som reserveskip etterkvart som HSD kjøpte inn nye og større båtar. Dette varte fram til 1969, då Stord I vart "pensjonert" av HSD, og seld til Oslo Kreds av Det Blå Kors.
Stord I vart hybel- og sosialsenter for alkoholskadde krigsseglarar og fekk namnet «O. T. Moe».

I 1981 vart båten seld vidare til Veteranskipslaget Fjordabåten. Eit omfattande arbeid tok til då Stord I skulle byggjast om til dampskip att. Dampmaskin og kjele vart kjøpt inn fra England, og etter 6 år med dugnadsarbeid kunne Stord I gå for eigen dampmaskin att.

Men berre 2 veker seinare, 20. mai 1987 oppstod det brann i maskinrommet medan skipet var på veg frå Stord til Bergen. Ingen vart skadd under brannen, men Stord I vart totalt utbrend.
Gjenoppbyggjinga tok til, og i 2005 kunne omsider Stord I gå for eigen maskin att etter utallege timar med dugnadsarbeid.


Musikk:
Jonny Easton - Old Sould
Link: https://youtu.be/5lWXol9acYQ
&
Jonny Easton - Antique
Link: https://youtu.be/Qi--jdiB5Uc

Jonny Easton sin YouTube kanal:
Link: https://www.youtube.com/jonnyeaston
Category
ARENDAL
Commenting disabled.